Fair play

Fair Play handlar om meir enn å unngå gule og raude kort. Fair Play er korleis me oppfører oss mot kvarandre, både på og utenfor banen! Ørnar skal ha fair play i fokus.

Alle tilknytta fotballmiljøene har eit ansvar for å fylgja dei normer, reglar og retningslinjer som skapar verdier og haldninger me kan vera stolte av. Norges Fotballforbund og Hordaland fotballkrets er opptatt av at alle spelarar, trenerar, dommerar, lagleiarar, foreldre/føresette, publikum og andre som engasjerer seg, bidrar til at me har eit fotballmiljø prega av trivsel og tryggleik. Det handler om respekt, ikkje sant? 

Fair Play-helsing:

Alle lag skal stilla opp på ei rekka og handhelsa før kampstart. Etter kampen skal laga igjen stilla opp på ei rekka for å takka for kampen. Det er lagleiar eller trenaren sitt ansvar for at dette blir gjort.

Til trenar og lagleiar: Som trenar og lagleiar har du ansvar for at fotball kampen utøves i den rette FAIR PLAY ånd.

Til deg som spelar: Som spelar har du eit ansvar for at du oppfører deg i den rette FAIR PLAY ånd.

Til publikum: De er viktige ressursar for fotballen. Ver med å bidra til trivsel og FAIR PLAY I fotballmiljøa.

Ordninga:

  • Ein person (lagleiar) frå heimalaget oppnevnes som kampens kampvert.
  • Personen ifører seg kampvertvest.
  • Det bør ideelt sett rullerast på kven som er kampen sin kampvert, slik at mange får eit forhold til oppgåva.

Kampverten sine oppgåver:

  • Ta imot bortelaga og ynskja dei velkomne.
  • Ta i mot dommar(ar)
  • Bidra til at det Fair Play helsing vert gjennomført
  • Ha positiv merksemd på begge foreldregruppene og lagleiarene.
  • Takka bortelag for kampen og ynskja dei velkomne tilbake og god tur heim.