Politiattest
Kven treng politiattest?
Alle idrettslag er pålagt å innhenta politiattest frå personar "som utfører eller skal utføre oppgaver for idrettslaget som innebærer et tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller mennesker med utviklingshemming" Det betyr at alle som er trenar, lagleiar, har tillitsverv eller andre verv i IL Ørnar, treng ein slik attest.
Korleis skaffa attest?
- Last ned dette skjemaet og fyll ut navn og fødselsnummer. I rubrikken "Formål med politiattest" skriv du "Verv i organisert idrett", "Stilling/oppdrag" er trenar, styremedlem, etc. Under "Stillingstype" kryssar du av for "Nytt verv i frivillig organisasjon" og i "Lovhjemmel" skriv du "Strafferegistreringsforskriften § 12 nr.4 p"
- Leverer/send til attestansvarleg Irene Furesund, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., mobil 91787222.
- IL Ørnar signerer og returnerer til søkjar som sender elektronisk til politiet.
- Du får søknaden i retur frå Politiet på di heimeadresse eller som digipost om du har registrert deg for dette.
- Attesten må visast til attestansvarleg eller leiar/gruppeleiar. IL Ørnar fører samla logg, men tek ikkje kopi av attesten.
Her finn du ut meir om politiattesten