Vårslepp cupen 23-24 April 2022: TURNERINGSLEIAREN HAR ORDET

No er det endeleg Vårslepp cup igjen etter 2 år med covid og ingen cup.
Det er ny vår, nye sjansar, og nye spente jenter og gutar er klare for å ta på seg fotballdrakta
og spring ut på det grøne graset i kamp om ballen…… !!!!!
Dei aller yngste inntek kunstgraset laurdag, medan dei eldste deltakarane spelar
søndag.
Me er no klare til å blåsa i gang Vårslepp cupen for 14.gong og me i Ørnar fotball er
klare til å gjera vårt fór att cupen atter ein gong skal verta ein fin start på sesongen 2022.
Årets Vårslepp Cup har 104 påmelda lag, og det skal i alt spelast 159 kampar denne helga.
Hovudfokus med turneringa vår er å ha det KJEKT! Kjekt med ball, og kjekt
saman med venner.
Frå i 2019 huskar me at det vart mange målrike og spennande kampar, og på sidelinja
kom det taktfaste heiarop frå ivrige tilhengjarar.
I år og,- voner me på mykje positiv energi både på og utanfor bana !!!!
«TAP OG VINN MED SAME SINN» er eit viktig buskap her !
Ta og vel imot dei unge dommarane våre. Dei prøvar heile tida å gjera sitt beste !!
Mellom kampane er dei alle velkomne til kafeen vår i klubbhuset, i grillteltet eller i
Ørnarbua «for utan mat og drikke, duger helten ikkje»…. !!!!
Forhåpentlegvis vil cupen gje oss mange gode idrettsaugneblinkar !
Me i arrangørstaben har førebudd oss, og er klare til å skapa ei kjekk turnering
for store og små. Lykke til alle ivrige fotballjenter og fotballgutar !
Me oppmodar til FAIR PLAY både på og utanfor bana.
Fair Play er viktig på fotballbanen og utanfor. Det gjeld å oppføra seg slik du vil att andre skal oppføra seg mot deg. Me vil i år både laurdag og søndag ha ein liten pause der alle skal vera med på BlimE dansen.
Il Ørnar er 100 år i år… Hurra for idrettslaget.
I det sambandet blir lag nr 100 premiert.
Helsing
Marita Mørkve
Turneringsleiar