ornar logo

  • Heim
  • Fotball
    • Vårslepp Cup 2017
    • Fair Play
    • Barnefotball
  • Langrenn
  • Alpin
  • Idrettsskule
  • Om Ørnar
    • Dette er Ørnar
    • Kontakt oss
    • Klubbhus
    • Våre sponsorar
    • Grasrotandelen
    • Politiattest
  • Bli med!
IL ØRNAR
21 mar2017

Dette er Ørnar

IL Ørnar held til i Skulestadmo ca. 4 km frå Vossevangen sentrum i Voss kommune. Laget vart skipa 5. mars 1922, med målsetjing om å fremja idrett og friluftsliv i sunne former, gjennom samarbeid og kameratskap.

I 2017 har laget ca. 450 medlemmer, storparten er ungdom og born under 18 år. Laget har idag grupper/aktivitetar innan fotball, idrettsskule, langrenn og alpint. I tillegg er me tilslutta Voss Friidrett, og driv lauseleg organisert aktivitet for foreldre.

Laget er medeigar i Varmestova i Bavallen, Sameiga Myraheisen og Årmotslia. I tillegg står me sjølve for skileikanlegg i Bavallen og ballbinge ovanfor Skulestad skule.

Kontaktpersonar for dei ulike gruppene finn du her.

foto69856 skalert

Det flotte fotballanlegget stod ferdig oppført i 2006 og består av stor bane, liten bane og fotballtennisbane. Baneanlegget ligg i sjølve Skulestadmo. Avkøyrsle til høgre ved COOP Prix (Nedkvitnesvegen). Ein fylgjer Nedkvitnesvegen ca. 150 meter og tek til venstre Båtskottræet.

Alpinanlegget er i Bavallen, og vegen er godt merka med skilt frå Voss sentrum. Alpinaktiviteten i laget er samorganisert med Voss IL under namnet Voss Alpin. Dei har eigne heimesider her.

Likeeins er langrennssatsinga for ungdom over 13 år og fram til seniornivå samorganisert med fleire lag, i Vossalangrenn. Dette samarbeidet finn du meir om her.

Adressa til Ørnar er:

IL Ørnar,
Postboks 9,
5710 SKULESTADMO

Her finn du lovene til IL Ørnar

 

 
 
vossresort logo

vossenergi logo

smalahovetunet logo

  • Heim
  • Fotball
    • Vårslepp Cup 2017
    • Fair Play
    • Barnefotball
  • Langrenn
  • Alpin
  • Idrettsskule
  • Om Ørnar
    • Dette er Ørnar
    • Kontakt oss
    • Klubbhus
    • Våre sponsorar
    • Grasrotandelen
    • Politiattest
  • Bli med!