Vårslepp Cup

TURNERINGSLEIAREN HAR ORDET.

Endeleg er me klare til Vårslepp cup igjen .

Det er ny vår, nye sjanser, og nye spente jenter og gutar er klare for å ta på seg fotballdrakta

og spring ut på den grønne graset i kamp om ballen…… !!!!!

Dei aller yngste inntek kunstgraset laurdag, medan dei eldste deltakerne spelar

søndag.

Me er no klare til å blåse i gang Vårslepp cupen for 16.gong og me i Ørnar fotball er

klare til å gjera vårt for att cupen atter ein gong skal verta ein fin start på sesongen

2024. Årets Vårslepp Cup har 107 påmelde lag, og det skal i alt spelast 167

kampar denne helga.

Hovudfokus med turneringa vår er å ha det KJEKT! Kjekt med ball, og kjekt

saman med venner.

Frå i 2023 huska me at det vart mange målrike og spennande kamper, og på sidelinja

kom det taktfaste heiarop frå ivrige tilhengjarar.

I år og,- voner me på mykje positiv energi både på og utenfor bana !!!!

«TAP OG VINN MED SAME SINN» er eit viktig bodskap her !

Ta og vel imot dei unge dommarane våre. Dei prøver heile tida å gjera sitt beste !!

Mellom kampane er de alle velkomne til kafeen vår i klubbhuset, i grillteltet eller i

Ørnarbua «for uten mat og drikke, duger helten ikkje»…. !!!!

Forhåpentlegvis vil cupen gje oss mange gode idrettsøyeblikk !

Me i arrangørstaben har førebudd oss, og er klare til å skape ei kjekk turnering

for store og små..

Lykke til alle ivrige fotballjenter og fotballgutar !

Me oppmodar til FAIR PLAY både på og utenfor bana.

Fair Play er viktig på fotballbanen og utanfor. Det gjelder å oppføre seg slik du vil att andre skal oppføre seg mot deg. Me vil i år både laurdag og søndag ha ein liten pause der alle skal vera med på BlimE dansen. 

Helsing

Marita Mørkve

Turneringsleiar